Fyremælingi til ordsamlingi i enden av Mannalikamen og helsa (1907) av Idar Handagard. Sjå faksimilar av boki på Nasjonalbiblioteket.
Det skulde vera greidt fyr alle at norske ord er det som høver oss nordmenner best. Eit godt norskt ord er det lett aa segja, lett aa skyna og lett aa hugsa. Um ein ikkje hev høyrt det fyrr, er det snart gjort aa læra det og festa det i minnet.
Framandordi fell vanskelege fyr ei norsk tunga. Det er vondt aa segja deim, naar ein ikkje hev lært uttalen; og det er uraad p skyna deim fyr den som ikkje kann utanlands maal. Dei er rotlause i folkemaalet og vil snøgt verta forvende i meiningi og avskapa i uttalen. Parlamento vil m. a. segja: tinging (og ting). Paa norsk hev det vorte til pelementa, f. og tyder kiv, trætta elder bulder. Verbet pelementa vil ikkje segja: tinga, men antrast, yppa kiv, buldra (I. A. s. 567). – Dei framande ordi kann og lett koma til aa skipla gode norske ord som dei er like naar det gjeld formi, men inkje naar det gjeld tudingi. Adjektivet hagleg er m. a. = „bekvem“. No blandar folk det ihop med „behagelig“ og segjer t. d.: den aakren ligg inkje behageleg til (Chr. V. s. 12).
Dei norske ordi eg hev bruka, treng ikkje nokon lang umtale. Storhopen er gode gamle ord som folket hev havt lenge. Borni og ungdomen hev høyrt deim heime, av foreldri sine elder av bygdafolket. Eit og anna ordet er det vel som dei inkje kjenner, og difyr maa læra. Men det er so likt heimeordi at det kann ikkje falla tungt. So vanskelegt som aa læra eit framandt ord kann det visst aldri vera. Nau t. d. maa vera mykje lettare aa segja enn det langframande „epithel“ elder „dækcellevæv“. – Norske ord, som er sjeldsynte, kann ein ikkje vanda; ein lyt nytta deim, naar ein treng deim , og dei elles er gode og høvelege. Sjeldsynte ord vert snøgt landskjende, berre ein brukar deim i skrift og tale. Det er soleis alle framandordi hev kome inn. Me hev set deim i blad og bøker og høyrt lærde folk hev bruka deim; og so hev me lagt oss etter deim, so godt me kunde – trass i det at me sjølve hadde ord som var baade betre og tydelegare. Det skulde ikkje vera naudsynlegt aa bruka eit ord som t. d. „muskel“ (av musculus, ei liti mus), naar ein hev gode gamle ord som sege og – i sume høve – vodve. Å tala um „fascie“ elder „muskelsvøb“ er visst helder ikkje turvande, naar det paa norsk heiter slintra baade i byen og paa landet.
I norsken som i alle andre maal maa ein laga nye ord til nye umgrip. Elder ein maa velja ut gamle ord og leggja ei ny meining inn i deim. Det hev eg stundom gjort. Nokre framandord er det og som eg hev sett um til norsk. Men eg hev alltid sett um tanken elder umgripet i det framande ordet, aldri sjølve „glosen“. Mange framandord er elles so meiningslause at ein kann ikkje setja deim um (sjaa t. d. oxygenium, cella o. a.).
Sume av dei ordi eg hev bruka, vil eg nemna her og segja noko meir um. – „Materiale“ og „stof“ er tvo umgrip som ein lyt halda vel ut ifraa kvarandre. „Materiale“ heiter paa norsk emne elder vyrke: leivsemne, kone-emne, kongsemne, mannsemne, brudgomsvyrke. Men „stof“ (elder „materie“, „substans“) heiter to: linto, hampeto; det er godt to i det (I. A. s. 821 og H. R. s. 822). To, n. hev lenge vore bruka = „kemisk stof“ og bøygt i kyn og tal. (Sjaa Arne Vestrum „Ei liti lærebok i kjemi“, 1898 og „Naturkunna“, 2dre utg. 1901). Soleis hev eg og nytta det.
Det toet som danskarne (og tysken) kallar „luft“, heiter i norskt folkemaal helst vind (elder ver). Folk segjer at eit rom (t. d. ei bløra) er fullt med vind – ikkje at det er fullt av „luft“. Det heiter òg: draga vinden, drage aande; tapa vinden, tabe aanden, taka etter vinden, snappe efter aanden o. a.; vindbola er = luftblære, vindtett = lufttæt, vindturka = lufttørret o. s. b. Sjaa elles ordlista under vindglas, vindomn o. a. og I. A. s. 460 under luft, f. – Luft er paa norsk: 1. himmel, „de højere luftlag“; upp i lufti = upp i veret. 2. lugt (vond elder god). 3. utev, „stank“. Chr. lufta, v. tevja illt, „stinke“ og adj. lufteleg, „stinkende“ (H. R. s. 489). Paa engelsk hev dei og wind (og weather) um „atmosfærisk luft“ liksom paa norsk; men det franske air hev kome inn i skrift og teke romet fraa deim, so nær som i sume ord og ordlag: to catch his wind, faa att andi, to lose his wind, tapa vinden; a shot between wind and water; windchest, windgun o. a. I boki mi hev eg likevel bruka ordet luft (= air), enndaa eg veit det er meir tysk-danskt enn det er norskt. Men stundom, naar eg var rædd aalmenta skulde mistyda meg, hev eg sett til det rette norske ordet.
I lufti (elder vinden) er det tvo eimar („gasarter“). Den eine er nitrogenium = dansk kvælstof (etter tysk Stickstoff) som Arne Vestrum hev kalla kvæve, n. (sjaa „M. og h.“ s. 18, merknaden). Det heiter det og paa svensk. Den andre er oxygenium, eit to dei kalla so av di dei ei tid trudde det var og maatte vera i alle syror (oxys ɔ: sur, gen, roti i gennao ɔ: skapar, el). Sidan kom dei etter at dei hadde teke i miss. Oxygenet er ikkje i alle syror; det er ikkje i t. d. saltsyra (HCl) og blaasyra (HCN). Tysken laga ordet Sauerstoff etter det vitskaplege namnet, og dansken „surstof“ etter tysken. H. C. Ørsted saag at dette var gale og kalla oxygenet „ilt“ av di det nører elden („underholder forbrændingen“. Dette ordet brukar danskarne no; det andre – surstof – hev dei longe vraka. Av ilt, c, hev dei og fenge eit verbum ilte ɔ: oxydere og substantivi ilte, n. oxyd, tveilte, dioxyd, iltning, oxydation o. a. – Det er daa ingen grunn til at me skal laga vaart namn paa oxygenium etter det gamle misvaksne danske. Me kann ikkje kalla oxygenet „syreto“, naar det ikkje er det toet som er i alle syror. Og me kann ikkje kalla det „surto“, naar det ikkje er surt. Enndaa mindre kann me kalla det „suremne“ etter eit nylaga islendskt ord súrefni (som islendingarne no hev vanda). Me lyt skilja skarpt millom to ɔ: stof, substans, og emne ɔ: materiale. Paa norsk er elles sur, m. = surdeig; og „suremne“ vert daa = „en portion surdejg“. Cfr. leivsemne og braudemne ɔ: deig til ein leiv elder eit braud. Alle desse tri ordi er dessutan sterile („golde“). Kva skal oxyd, oxydere, oxydation heita paa norsk um ein brukar deim? Skal t. d. „kuloxyd“ – CO – heita „kol-syreto“?
Den vigtigaste eigenskapen som oxygenet hev, er den at det kann nøra elden („underholde forbrændingen“). Paa norsk hev me eit ord nøre, n. som vil segja noko som kveikjer elder nærer (elden t. d.). „Det nører seg“, segjer folk, naar veden tek eld og brenn (Chr. V. s. 133). Sjaa og nøreflis, nørestikka o. a. (I. A. s. 549). Dette ordet hev eg difyr teke til namn paa oxygenium. Det ligg umlag same meiningi i det som i det danske ordet; men det er ikkje laga. Av nøre = oxygenium kann ein faa: nøra, v. oxydere, nøra, f. oxyd, tvinøra, dioxyd, trinøra, trioxyd, nøring, f. oxydation o. m. a. „Reduktion“ kunde daa heita av-nøring, f. Sjaa elles ordlista og merknaden i „M. og h.“, s. 14. Scheele, som fann oxygenet, kalla det „eldsluft“.
I vatn er det nøre (oxygenium) og eit anna to som dei hev kalla hydrogenium (hydor ɔ: vatn). Tysken kalla det Vasserstoff etter det vitskaplege ordet, og dansken „vandstof“ etter tysken. Ørsted fann at dette namnet og var gale. For baade oxygenium og hydrogenium er „vatsto“ elder „vandstoffe“; det er fyrst naar dei sameiner seg elder „forbinder sig med hverandre“ at det vert vatn (H₂O). Han kalla difyr hygrogenet „brint“ av di det kann taka eld og brenna; og dette er no det vanlege namnet i Danmark. Engelsmannen Cavendish fann hydrogenet og røynde etter korleis det var skikka; han kalla det „brændbar luft“. Same meiningi ligg det i namnet brenne, n. som eg hev bruka. Men ordet er ikkje laga, det høyrer folkemaalet til. – Brenne (hydrogenium) er ikkje berre i vatn; det er i alle syror, t. d. saltsyra (HCl) og blaasyra (HCN). Skulde noko to heita „syreto“, maatte det daa vera hydrogenium, og ikkje oxygenium. Sjaa elles merknaden i „M. og h.“, s. 18.
„Æggehvide“ heiter paa norsk eggjekvite, m. elder berre kvite. Den siste formi hev eg teke til namn paa albumin, d. æggehvidestof. Albumen kjem av albus, kvit, og vil segja „det kvite“ i ein ting, t. d. i egget. Det tyder daa det same som det norske ordet. Av formi „kvite“ fær ein gode og greide samansetningar, t. d. blodkvite = blodæggehvide, kvøtkvite = muskelæggehvide o. a. Ein slepp daa slike urimelege og smaklause ord som blodeggjekvite, kjøteggjekvite, vokstereggjekvite o. m. a. Paa amylum, d. stivelse, hev eg bruka den stutte formi stiv, n. som finst i bygdamaali. Norsk-danskt „melstof“ = stivelse, og norskt „mjølto“ = kolhydrat (sukker og stivelse) er tungvinte ord. Gode er dei helder ikkje. I mjøl er det baade albumin, feitt og „stivelse“.
Cella er eit ord som høver ille til sitt bruk, i minsto naar talen er um dyrelikamen. Det vil segja eit lite rom; men ei dyrecella er ein protoplasma-mole. Eg hev bruka ordet med skrive det etter uttalen med s. Det gjer islendingarne og. Dei framandordi som ein lyt bruka i norsken, fær retta seg etter norske ljodloger og norsk stavemaate. – Um frum, n. = protoplasma og frumvyrke = deutoplasma, sjaa „M. og h.“, s. 32 og merknaden paa same sida.
„Epithel“ er ein terminus som aldri hev livt i noko maal. Det er ihopsett av tvo grekiske ord: epi ɔ: paa, og thele ɔ: tatte, brjostvorta. Paa norsk heiter epithel nau, f. Til dette ordet høyrer nauhud, f. (d. e. epithelhud) um „overhuden“ elder epidermis. Baae desse ordi hev Ross ifraa austlandet. Eg hev og høyrt deim, og i den meining som her er nemnd.
Nokre norske anatomiske ord kann tyda ikkje ein men fleire ting. So er det t. d. med akslebein, armbein, armlegg, augstein, bringa, brjost, rygg o. a. Alle desse ordi hev hjaa meg berre ei tyding. I anatomien maa ein og same terminus segja berre ein einaste ting um alt skal verta greidt. Brjost er her = pectus, forsiden af brystkassen; bringa = thorax, d. brystkasse. Soleis skil dei stundom i folkemaalet og (sjaa t. d. bringesykja). Paa gamalnorsk er bringa ofte = „brystkasse“ (Joh. Fr. s. 187). Rygg er i boki – som og i folkemaalet og gamalnorsken = columna vertebralis, d. rygrad. Paa dorsum elder „rygside“ hev me ordet bak, n., t. d. i handabaket, d. bagen af haanden.
I norsken er det skil paa raake, m. som vil segja „mundsaft“, saliva; og sputt, n. = sputum, „det udspyttede“. Ein svelgjer raaken, men sputtet hev ein ut or munnen. Det norske namnet paa „spytkirtel“ vert difyr raakekjertel. – Eitel er ikkje = kjertel (glandula) som det er sume som hev trutt; det er = „lymfeknude“. Sjaa ordlista!
„Pande“ (frons) etter tysk Panne heiter paa norsk: skalle, m., blesa, f. og enne, n. Skalle er det vanlegaste ordet. Men det vil segja so mange ting – sjaa I. A. s. 660 – at ein ikkje godt kann bruka det i skrift. Det vert for utydelegt. „Skallebein“ kunde tyda alle beini i hovudet, ikkje nettupp os frontale elder „pandebenet“. – Panna, f. (cfr. laagtysk Panne) ɔ: 1. steikjepanna. 2. takstein, tigl. Pannetak; panneverk = tiglverk o. a. 3. „pande“, frons. „I denne Betydning et nyt og daarligt Ord, som dig ikke er kommet til synderlig Brug“ (I. A. s. 565). Dei beste ordi vert daa enne, n. og ennesbein liksom paa islendsk. – „Haarkar“ (vas capillare) hev eg kalla vesall-aadr og vevsaadr. Det siste er det beste, kannhenda. Det fyrste er og laga etter folkemaalet, av adj. vesall ɔ: liten, klekk, grann. Salix repens, eit ørlite vider-slag, heiter i sume bygdamaal vesall-vider. – Ei arteria elder vena kann godt vera haarfin; men kapillær-aadrarne (elder „haar“-karrene) er meir enn haarfine.
Paa „rygmarv“ (medulla spinalis) hev me tvo norske ord: ryggmerg og møna. Det er godt aa hava eit tydelegt namn paa denne luten av nervesystemet, og eit som ikkje fær folk til aa tenkja paa mergen i ryggbeinet. Ordet møna, f. fell og lettare i samansetningar: halsmøna ɔ: rygmarvens halsdel, nakkemøna ɔ: medulla oblongata, den forlængede marv, tysk Kopfmark (Hermann). I boki mi hev eg elles bruka baade ryggmerg og møna.
Beingrind, f. er eit godt namn paa „benrad“. Men det er overlag tungvint i samansetningar. Folk segjer daa helder ikkje „mannabeingrindi“ men beingrindi i ein mann, d. e. „det menneskelige skelet“. „Hudskeletet“, som ikkje er bein men cuticula, kann ein ikkje kalla beingrind. Her lyt ein bruka eit anna ord: skryte, n. som og tyder skelet og høver i alle tilfelle. Det fell sessutan godt i samansetningar: hudskryte, mannaskryte, dyreskryte o. s. b.
„Betændelse“ (inflammatio) heiter paa norskt folkemaal brune, m. Ordet hev eg høyrt paa mange kantar av landet og alltid med denne tydingi. Den same meiningi umlag hev I. A. s. 84 under brune 3. o. a. st. Folk segjer t. d.: det er brune i fingeren, det hev vore brune i taai eit par dagar.
Sume hev teke ordet „brand“ og bruka det um „betændelse“. – Pericardium heiter paa norsk: hjartehus; perikardit maatte vel daa heita „hjartehus-brand“ elder „brand i hjartehuset“! – Men det er ikkje rett, og det er ikkje etter folkemaalet. I folkemaalet hev „brand“ vore bruka i „kolbrand“ ɔ: gangraena. Ord „lungebrand“ er = lungegangræn ɔ: eit slag ròt elder „forraadnelse“ i lungorne og ikkje det same som „lungebetændelse“ (pneumoni). – Den vanlege „lungebetændelse“ (pneumonia crouposa) hev tvo namn i folkemaalet. Det eine er „stingfeber“ som dei segjer i Trøndelag av di sjukdomen tek til med hald elder styng. Det andre er lungekolda (ifraa Nordmøre) av di sjukdomen „kjem av kjøld“ og tek til med frostflagor. Det siste ordet er det norskaste. Lungebrune, m. vert daa = inflammatio pulmonis elder „betændelse i lungen“. Kolda, f. – sjaa ordlista – vert bruka i andre samansetningar og, t. d. magekolda (Ndm).
Paa typhus abdominalis hev me ikkje noko godt norskt namn. Folk plar helst kalla sjukdomen sotti elder sykja – alltid i bundi form. I Setisdalen skal han heita „syldatersjuken“ (etter Johs. Skar). I sume bygder kallar dei han „langfarsott“ elder „langfarsjuke“. Det er visst det same som landfarsótt (= typhus abdominalis) paa Færøyarne (Hammershaimb: Færøsk anthologi II, s. 169), enndaa folk legg ei onnor meining i det; dei trur namnet kjem av at sjukdomen plar koma inn langveges fraa. I norsk-danske bøker stend det „landfarsot“ (ikkje „landfar-“). Namnet er ikkje godt, men alltid likare enn det danske „nervefeber“. Sjukdomen er helst ei tarmsott og hev ikkje noko med nervorne aa gjera. Han kann stundom verka paa hjernen so mannen ligg og ørskar og talar yver seg. Best var det, kann henda, aa kalla sjukdomen „tyfus-sott“ elder „tyfus-sykja“. Men ordet „tyfus“ (= ørska) vil og segja mange ting. – Nokre norske sottenamn hev folk mistydt og misbruka. Sjaa t. d. kveis, ratesjuke, svull o. a. i ordlista.
I. A. Ivar Aasen: Norsk ordbog 1873.
H. R. Hans Ross: Norsk ordbog 1895.
Chr. V. Chr. Vidsteen: Ordbog over Bygdemaalene i Søndhordland 1900.
„M. og h.“ = „Mannalikamen og helsa“.
Joh. Fr. Johan Fritzner: Ordbog over det gamle norske sprog 1886.